Hordalandsfotball

Smalahovecupen 2019

  • Odd Løvset
Foto: Odd Løvset

Velkomen til Smalahovecupen 2019

Laurdag 2. november

Fotballklubben Voss inviterer tradisjonen tru til veteranfotballfest til hausten. Smalahovecupen 2019 går av stabelen laurdag 2. november.

Kampane i Smalahovecupen blir spelt som femmarfotball, og det er full rulle heile dagen.

Turneringa går på kunstgras ved sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. Me har tilgjengeleg åtte banar. Tilgang til garderobar i kjellaren i Voss Idrettshall for dei som ynskjer det. Kafe og toalett er i Voss Idrettshall, elles er det kiosk ved baneområdet.

Her er årets klasseinndeling:

Klasse A: Kvinner veteran, o. 28

Klasse B: Menn superveteran o. 60

Klasse C: Menn veteran o. 45

Klasse D: Menn old boys o. 33

Klasse E: Open/bedrift

Bankett med smalahove på kvelden som vanleg. Dørene i Vossasalen på Park Hotel opnar kl. 20.00. Her blir det og premieutdeling, og Rakkadeis set i gang den levande  dansemusikken når maten er fortært.

Pris for bankettbillett kr 450,- (500 om de ynskjer pinnakjøt).

Påmeldingsavgifta er 3.500 kr per lag. Kr 2.500 for dei som deltek på banketten. Ved deltaking på banketten og påmelding av to lag i same klasse, er påmeldingsavgifta 4.000 kr.

For nærare opplysningar, kontakt Einar i FBK Voss: einar@fbkvoss.no/tlf. 97674536.

Påmelding innan 10. oktober (Ny frist!). Påmeldingsskjema finn de på www.fbkvoss.no